Torghandel med frukt har lange tradisjoner i Norge og lenge var dette ein av dei vanligaste omsetningsmåtane for frukt frå fruktdistrikta til by og tettstad. Vi er stolte av å føre denne tradisjonen videre og tilbyr ett bredt sortement med frukt som har fått henge ekstra lenge på trea for å utvikle ekstra god og søt smak.

Vi har torgsalg frå juli når vi har meir moreller enn vi kan selge på gardsutsalget og fram til vi ikkje har meir plommer i september. Utvalget varier gjennom sesongen.

Vi har torgdager:

Torsdager i Florø utanfor Amfi Florø.

Fredager i Lom utanfor Coop Extra Lom og Fagernes på Skiferplassen.

Laurdager i Førde utanfor Alti Førde.

Vi er med på Bondens Marked i Bergen og Matfestivalen.

Vi er med på Den Norske Matfestivalen i Ålesund.

Vi er med på Skjergårdstreffet i Askvoll, Etnedagene, Ål dagen, Gol dagen, Matamål på Sandane, Bygdelaurdager i Voss, Fårefestivalen i Gol, og andre arrangement i sesongen vår.