Plommer er det vi dyrkar mest av på Lomelde. Det er ikkje mange plasser ein finner like mange forskjellige sorter som vi har her. Det gjer at vi stort sett har 3-4 sorter frå starten av august til slutten av september. Plommesortane har både forskjellig modningstid, størrelse, smak, farge og form. 





Plommene vi dyrkar er Methley, Edda, Opal, Mallard, Cacaks Schöne, D'Oullins, Reeves, Victoria, Jubileum og Valor.

Vi har også nokon tre av sortane R.C. Souffreau, Excalibur, Shiro og Althans.

For å klare å holde plommesesongen ut september i eit stadig varmare klima har vi også planta nokon seinare sorter som skal modne i slutten av september; Seneca, Haganta og Top Taste