Ettersom vi sel mykje av frukta og bæra utanom grossist prøver vi å ha eit bredt utval av sortar. Det gjer at at vi får ein lang sesong, I tillegg til at mange finner favorittsortane sine, eller kanskje finner ein ny favorittsort.

                           MORELLER                           EPLER

For mange er morellar sjølve smaken av somar. Vi på Lomelde er helt einige. For å sikre ein lang sesong har vi fleire sortar. Vi dyrkar Teclovan, Van, Lapins, Sweatheart, Nimba, Sweat Ariana, Vanda, Bellise, Tamara, Grace Star og Frisco. Alle er flotte kjøttmorellar.

Dei siste åra har vi planta nye eplefelt for å bygge opp igjen produksjonen. Dei blir planta på svake grunstammer og med hollandsk oppbinding. Vi dyrkar Nanna, Katja, Discovery, Aroma og Fryd.


PLOMMER                         KIRSEBÆR
Plommer forekjem i utallige variasjonar, med forskjellig form, størrelse, smak, farge og modningstid. Vi har dei aller fleste sortane som blir dyrka kommersielt i Noreg, og nokre til. Methley, Edda, Rivers Early Profilic, Opal, Rene Claude Souffreu, Mallard, Rene Claude d'Ollins, Excallibur, Victoria, Shiro, Altans, Reeves, Valor, Kirke og Ive.

Kirsebær er kokkenes favoritt. Smaken kjem virkelig til sin rett når bæra blir oppvarmet og ein har noko søtt til å balansere den den syrlige kirsebærsmaken. Dei er veldig gode i lag med vaniljesaus. Dei er meget godt egna til vinlegging. En kan lage egne coctailbær og for mange er også kirsebærlikør ein favoritt. Sorten vi dyrkar heiter Fanal, og fordi bæra held seg godt på trea blir sesongen lang med berre ein sort.

                              PÆRER                        BJØRNEBÆR

Pærer er utrolig mykje meir en Conference frå Belgia. Norske pærer får i likhet med anna norsk frukt ein fantastisk smak av den milde somaren med mange soltimar. Ingrid er den første som blir moden, og er kanskje den beste på smak, Celina er den peneste med røde "kinn". I tillegg har vi Grev Molkte, Bonnie Louise og Clara Frjiis.

Lock ness er ikkje berre ein djup og mystisk skotsk innsjø som vistnok skal inneholde ein sjøorm. Det er ogås ein tornefri bjørnebærsort med store bær av høy kvalitet.


                              RIPS                             TAYBÆR
Ripsa vi dyrkar er av ein hollandsk type. Flotte dessertrips med lange rakler og store bær. Rips har ein syrlig og frisk smak som virkelig kjem seg til rette i lag med vaniljesaus. Skal ein lage ripsgele passer det best tidleg i sesongen når det fortsatt er mykje pektin i bæra. Rips er også egna til saft og vin.Taybær er i likhet med Boysenbær og Loganbær ein kryssing mellom bjørnebær og bringebær. Dei har arva spisse torner frå bjørnebær, og det er kanskje derfor dei ikkje er blitt meir populære. Dei har veldig mykje smak med både søte og syrlige aromaer. Taybær kan nytes både som dei er, eller i desserter.


INTEGRERT PLANTEVERN

Mange av kundane våre er opptatt av sprøytemidler. Det er vi og. Derfor dyrker vi frukta og bæra med integrert plantevern. Det vil seie at vi sprøyter så lite vi kan, men samtidig nok til at sopp og insekt ikkje ødlegg frukta og bæra, og at dei skal få best mogleg kvalitet. For bjørnebær, taybær, rips og aroma eple vil det seie at vi nesten ikkje sprøyter i det heile.

SORTER

Smak og preferanser for frukt er forskjellig. For nokon er det veldig viktig at plommesteinen er laus, mens andre ikkje bryr seg om det i det heile. Når vi sel frukt på torget ønsker vi å kunne tilby eit bredt sortement slik at kundane våre får frukta akkurat slik dei liker den.

Plommer i byrjinga av september: Frå venstre mot høgre: Shiro, Avalon, Victoria, Reeves og Mallard. 

Shiro er i likhet med Metley ei "japanske plomme" (Prunus Salicina). Det er store, søte og veldig saftige plommer som nesten kan minne like mykje om fersken, som dei vanlige europeiske plommene (Prunus Domnestica).

Mykje av plommene våre blir selt til Bama gjennom Sognefrukt og Gartnerhallen. Her er 5 pallar med reeves klare til henting.